Stendi søkjer Personlig Assistent til vårt team på Voss omgående
Bli med i vårt superteam på Voss som jobbar innan helse og omsorg. Me leitar etter kvardagshelter som utfører oppdraget me har fått gjennom lagspel
Me søkjer medarbeidarar med erfaring som personleg assistent/ BPA til langvakturnus.
Eigenskapar som å skape tryggleik, vere ansvarleg og utføre tenester i heimen til ein person som lever i ein arbeidsplass vektleggast. For å bli del av vårt team på Voss er erfaringar frå liknande arbeidsforhold ein fordel, men ikkje noko som krevs. Me tilbyr at du blir ein del av eit trygt miljø der me har fokus på ei løysing der kommunen saman med Stendi gir eit samansett tenestetilbod for ein person som treng vår hjelp for å gjera kvardagen enklare.
Stillingsbeskrivelse 1:
80%
Me kan tilby gode turnusvilkår der ein går langvakter på 12 timar i ein periode på 4 dagar før ein har ei veke fri, som påfølgjast av 3 langvakter med friuke etter arbeidsperiode. Stillingsprosenten er ca. 80% med moglegheit for auking. Dette utgjer arbeid kvar tredje helg. Assistensebehovet er frå kl 08-20 og tjenestene som leveres er underlagt Stendi Omsorgstjenester Region Vest.
Stillingsbeskrivelse 2:
40 %
Me kan tilby fleksibilitet ved ein deltidsjobb på 40% der ein også har mogligheit til å auka opp timar ved behov. Denne stillinga passer ein student eller ein som vil ha ekstra arbeid fordelt på 2 langvaktar på 12 timar frå kl 08-20, fordelt på to ukedagar/helg (kan avtalast med arbeidstakar).
Om arbeidsplassen
Me som jobbar i Stendi er deltakarar tett på andre menneskes liv og utfordringar, noko som gjer at vår integritet er viktig for å fremme medverknad frå den som mottar helsetenester, som i dette tilfellet er i heimen til ein person. Å kunne ta imot leiing og utføre oppgåver som ikkje alltid krever dialog krever at ein er trygg i seg sjølve. Personen ein skal yte tenester til, kjenner seg gjerne igjen med personar som har eit klokt hovud og har opplevd livet frå fleire sider. Personen har eit ordinært familieliv og ein rekke interesser frå til dømes naturbruk/økofilosofi, til historie, kultur og kvardagslege nyhende.
Saman med deg ynskjer me å skape trygge rammer og kvalitetssikre fagleg forsvarlegheit i dei tenestene som vert gitt. På denne arbeidsplassen må ein pårekne dagar inne, men det er og ynskjeleg at det på andre dagar er aktiv bruk av natur og kulturliv lokalt. Det er ein fordel om ein er litt sterk, ettersom ein og har dagar der ein deltar innan forflytning med ulike hjelpemidlar som høver ulike situasjonar.
Me vil gi all opplæring, og det vil være moglegheit for å ytterlegare styrka eigen kompetanse gjennom vår læringsportal der ein kan ta ein rekke kurs.
Arbeidsoppgåver:
-Utføre stell og bistå i daglege oppgåver som personleg assistent.
-Reinhald og lage mat i bustad.
-Turlufting av ein hund.
-Dokumentere tenester som vert gitt og kommunisere godt med våre samarbeidspartnarar som til dømes heimesjukepleiare.
- Til jul må ein kanskje baka, om sommaren lyt ein dra på ein vakker plass på Voss og nyte utsikta. Ein må kunne omstille seg etter sesongar, kvardagar og augneblink.
Send oss ein søknad slik at me kan bli kjent med deg og høyre meir om kva bakgrunn du har for å søkje denne stillinga!
Stikkord som beskriver passande søkjarar er følgande:
- Førarkort klasse B
- Samarbeidsevner gjennom å kunne verte leda og yte tenester
- Eignaheit gjennom tidlegare arbeidsforhold ( me ynskjer attester vedlagt)
- Tryggleik i vere på arbeid i eit roleg miljø, også i vanskelege situasjonar der ein må danne relasjonar både verbalt, men også seinare utføre tenester utan for mykje prat
- Å vere eit medmenneske som kan lytte og ha ein stor porsjon tolmod.
- Ha godt humør og vere løysingsorientert i eit team på fleire tenesteytarar.
Er dette deg, så har me ein jobb klar omgåande! Om noko er uklart i teksten og ein ynskjer meir informasjon så ta gjerne å send oss ein søknad med informasjon om deg og kva du lurar på så tek Stendi kontakt med deg!
Kontaktperson:
Navn: Ann Jeanette B Sandven
Tittel: Avdelingsleiar
Nummer: 0047 90113355
Informasjon til deg som søker jobb:
- Dersom du blir innkalt til intervju bes det om at du har med CV, godkjente attester og andre relevante dokumenter eller at du har opplastet dette direkte i teamtailor.
NB! Vær oppmerksom på linker du mottar i forhold til mulig svindelforsøk, vi ber aldri om bank ID eller personnummer i forbindelse med rekrutteringsprosessen.
- Avdeling
- BPA
- Steder
- Voss, Vestland
- Stillingstype
- Fast ansettelse, Deltid, Vikar
- Søknadsfrist
- October 06, 2023
- Tiltredelse
- Omgående
- Yrker
- Helsefagarbeider, Miljøterapeut, Pleieassistent, Bonde
- Selskap
- Stendi AS
Kolleger
Om Stendi AS
Stendi er Norges største omsorgsaktør og har i over 30 år levert tjenester på vegne av det offentlige. Gjennom vår kjernevirksomhet ønsker vi å gjøre verden litt bedre, ett menneske av gangen. Sammen med våre oppdragsgivere skaper vi en trygg omsorg som ivaretar alle!
Vi har et landsdekkende tjenestetilbud innen barnevern, brukerstyrt personlig assistanse (BPA), heldøgns omsorg, hjemmebaserte tjenester og eldreomsorg.
Stendi søkjer Personlig Assistent til vårt team på Voss omgående
Bli med i vårt superteam på Voss som jobbar innan helse og omsorg. Me leitar etter kvardagshelter som utfører oppdraget me har fått gjennom lagspel
Laster inn søknadsskjema