Er du vernepleiar/helsepersonell og ynskjer å jobbe i medleverstilling på Voss?
Er du ein trygg og positiv person som tek utfordringar på strak arm? Er du i tillegg ein pådrivar som trivst med å jobbe med menneske? Då burde du lesa vidare
Vi svarer vanligvis innen én uke
Stendi Omsorgstenester søkjer no etter vernepleiarar og anna helsepersonell til heildøgnsomsorg på avdelinga vår på Voss!
Me har ledige 100 %-stillingar, og ynskjer i tillegg erfarne tilkallingsvikarar. Ei medleverstilling hjå oss inneber arbeid i turnus med døgnvakter, der ein jobbar tett med brukarane over fleire dagar før ein har ei lengre friperiode. Dette gjev høve til å byggja sterke relasjonar og tilby jamn støtte og omsorg. Hos oss kan du jobbe komprimert og ha fridom til eigne aktivitetar mellom arbeidsperiodane.
Kva ei medleverstilling kan innebera hjå oss:
- Oppfølging av folk med ulike behov, som psykisk helse, rus, utviklingshemming og somatiske hjelpebehov.
- Praktisk støtte, rettleiing og oppfølging i kvardagsaktivitetar og innan pleie og omsorg.
- Nære relasjonar som styrkjer tilliten og bidreg til gode utviklingsmoglegheiter med respekt for brukaren.
Kvalifikasjonar:
- Autorisert vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant helseutdanning.
- Erfaring frå arbeid med utfordrande åtferd og emosjonsregulerande tiltak.
- Gode samarbeidsferdigheiter, der ein spelar kvarandre gode i arbeidsmiljøet.
- Erfaring frå rapportarbeid i samband med å vere primærkontakt, delta på tverrfaglege møte med spesialisthelsetenesta, samt kunne utforme gode tiltak og evaluere desse for å auke kvaliteten på tenestene som blir gitt.
- Kunnskap om kapittel 9 i Helse- og omsorgstenestelova.
- Interesse for å arbeide i turnus der ein jobbar tett på andre menneske.
Vi kan tilby ei givande stilling for dei som ynskjer ein meiningsfull arbeidskvardag der ein kan gjere ein skilnad i liva til andre. Me jobbar tett på naturen med fokus på aktivitet, og tilbyr gratis tilgang til symjing og treningssenter for dei som er på jobb, samt måltid. Våre tilsette er ein trygg gjeng med mykje kompetanse, som ynskjer å få fleire gode medspelarar på laget!
Lukke til om du søkjer!
Kontaktperson:
- Namn: Ann-Jeanette B. Sandven
- Tittel: Avdelingsleiar
- Kontakt: ann-jeanette.b.sandven@stendi.no / 90113355
Informasjon til deg som søkjer jobb: Dersom du vert innkalla til intervju, vert det bedt om at du har med CV, godkjende attestar og andre relevante utdanningspapir.
NB! Ver merksam på lenkjer du mottar i samband med eventuelle svindelforsøk; me ber aldri om verifisering med bank-ID i rekrutteringsprosessen.
- Avdeling
- Heldøgns omsorg
- Rolle
- Miljøterapeut
- Steder
- Vestland, Voss
- Stillingstype
- Fast ansettelse, Tilkallingsvikar, Vikar
- Søknadsfrist
- November 24, 2024
- Utdanningsnivå
- Fagskole, Bachelorgrad eller tilsvarende, Master
- Tiltredelse
- Etter avtale
- Yrker
- Vernepleier, Sykepleier, Helsefagarbeider, Miljøarbeider, Miljøterapeut
- Selskap
- Stendi AS
Kolleger
Om Stendi AS
Stendi er Norges største omsorgsaktør og har i over 30 år levert tjenester på vegne av det offentlige. Gjennom vår kjernevirksomhet ønsker vi å gjøre verden litt bedre, ett menneske av gangen. Sammen med våre oppdragsgivere skaper vi en trygg omsorg som ivaretar alle!
Vi har et landsdekkende tjenestetilbud innen barnevern, brukerstyrt personlig assistanse (BPA), heldøgns omsorg, hjemmebaserte tjenester og eldreomsorg.
Er du vernepleiar/helsepersonell og ynskjer å jobbe i medleverstilling på Voss?
Er du ein trygg og positiv person som tek utfordringar på strak arm? Er du i tillegg ein pådrivar som trivst med å jobbe med menneske? Då burde du lesa vidare
Laster inn søknadsskjema